Ein roman om kjærleikens krefter i menneskelivet, dei gode og dei vonde. Forteljaren lever som uteliggar i Oslo. På ein grøn benk ved Akerselva har han sin base. Han er ingen vanleg boms, men ein rappkjefta og fabulerande samtidsprofet, med fortid som hjelpepleiar. Usynlege liner snor seg gjennom dei mange historiene, frå gutungen Joakim som sel kroppen sin til vaksne menn og som forteljaren prøver å ta seg av, til Bell, kvinna som i tre år lar han oppleve den store, ustyrlege og sanselege kjærleiken. Språket til Sande er fullt av kantar, sprekkar og sår, og svingar seg frå blødmer til visdomsord, frå gatespråk til det høglitterære, frå blodig alvor til den sprøaste humor - eit språk som rører ved mange strengar hos lesaren.
Les mer
Eg-forteljaren lever som uteliggar ved Akerselva. Han er ingen vanleg boms, men ein snartenkt, munnrapp og fabulerande samtidsprofet, med fortid som hjelpepleiar. Usynelege liner snor seg gjennom dei mange historiene, frå gutungen Joakim som sel kroppen sin til vaksne menn og som forteljaren prøver å ta seg av, til Bell, kvinna som i tre år lar han oppleve den store, ustyrlege og sanselege kjærleiken. Det er ein roman om kjærleikens krefter i menneskelivet, dei gode som dei vonde.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205297463
Publisert
2001
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
360 gr
Høyde
138 mm
Bredde
211 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
184

Forfatter