Statstenestemann og "Almuens Formand" er den første faghistoriske og samanfattande studien av lensmannsombod og lensmenn i eit større område av landet gjennom detattande og nittande hundreåret. I så måte er det eit administrasjonshistorisk nybrotsarbeid. Undersøkinga er avgrensa til det nordafjelske, med om lag 30 % av alle lensmannsdistrikt i landet, men framstillinga har også samanliknande sideblikk til ombodsmenn og lokaladministrativ utvikling i den sønnafjelske delen av landet. Brynjulv Gjerdåker framstiller fyrst lensmannsombodet med dei ulike rettar, plikter og administrative vilkår elles som prega tenesta gjennom om lag 200 års utvikling - til inn i den andre halvdelen av 1800-talet. Den andre delen av boka er vigd til ombodsmennene sjølve - deira bakgrunn, kompetanse, rekrutteringsvegar inn i tenesta, og tilhøve til overordna i den offentlege administrasjonen på regionalt nivå. I begge desse bolkane, men fyrst og fremst den andre, blir administrasjonshistorie som genre overskriden: Sosial- og kulturhistoriske perspektiv er med og pregar framstillinga av lensmenns samfunnsroller, virke, liv og livsverd.
Les mer
Boka er ei faghistorisk og samanfattande studie av lensmannsombod og lensmenn i det nordafjelske, i perioden 1660-1870. Forfattaren framstiller lensmannsombodet og tenesta si utvikling gjennom om lag 200 år, og ombudsmennene sin bakgrunn, kompetanse, rekrutteringsvegar inn i tenesta, og tilhøve til overordna i den regionale, offentlege administrasjonen. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251928038
Publisert
2012-01-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tapir akademisk forlag
Vekt
328 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
163