Dikta og bileta i denne boka har oppstått i møte med eit landskap, nærare bestemt Baroniet i Rosendal, parken og fjell- og fjordlandskapet ikring. Men ganske fort blir perspektivet mykje vidare enn utsynet frå porten til ein hage. Slik står det i eitt av dikta: Vi skulle møtast her, men veit ikkje kvar vi kjem frå mellom solglimt og galaksar Dikta og bileta i denne boka har utgangspunkt i den unike hagen til Baroniet Rosendal. Denne hagen representerer to tidsaldrar. I 1660 åra var det ein typisk renessansehage, men i siste halvdel av 1800-talet vart anlegget utvikla til ein romantisk naturpark. Det uvanlege med denne hagen, er plasseringa mellom dei fantastiske fjella inn mot Folgefonna nasjonalpark. Slik vert denne hagen knytt til eit heilt landskap som dei fleste vil kjenna seg heime i, då nasjonalromantikken har djupe røter i Norge. Boka hentar stoffet sitt frå den krafta som ligg i dette landskapet, i tillegg til historisk stoff, mytar og kulturelle opplevingar i vår tid. Kunstnarar har vore inspirerte, og let seg stadig påverka av dette stoffet. Fleire av dei mest kjende og respekterte kunstnarane i Norge har henta inspirasjon til verk her.
Les mer
Diktene og bildene i denne boken har oppstått i møte med et landskap, nærmere bestemt Baroniet i Rosendal, parken og fjell- og fjordlandskapet omkring. Men ganske fort blir perspektivet mye videre enn utsynet fra porten til en hage.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281630246
Publisert
2008-12-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kapabel
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
78

Illustratør