I oktober rundar Stend Vidaregåande skule i Fana i Bergen 150 år med samanhengande skuledrift. Jubileet vert markert med boka Stend. Kultursentrum gjennom to tusenår. Ei rekkje bidragsytarar skriv i denne omfattande boka den lange og innhaldsrike historia til Stend, heilt attende frå 200-talet og fram til moderne tid, med historikarane Yngve Nedrebø og Gaute Losnegård som dei mest sentrale forfattarane. Skulen, som ligg i Fana bydel i Bergen, har vore i drift sidan 1866. Skulen er i dag eit eige gardsbruk med mange ulike læringsarenaer med ca. 430 elevar. Frå 1990 til 2016 går Stend gjennom store endringar, slik at skulen nesten ikkje er attkjennande. Frå å vere ein fullblods jordbruksskule som dreiv med konvensjonell landbruksutdanning, og der dei fleste elevane budde på skulen, har Stend no gått til å vere ein skule først og fremst for Bergensregionen, og som står på fleire bein: Naturbruk, tilrettelagt opplæring og idrett. Elevtalet har gått rett til værs dei siste åra, men den tradisjonsrike agronomutdanninga er nesten borte. Boka er rikt illustrert med både nye og historiske foto.
Les mer
Forord av Jone Ottar Erdal, Atle Mildestveit, Magnus Vaktskjold og Anne Gine Hestetun

Produktdetaljer

ISBN
9788279592488
Publisert
2016-09-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
1196 gr
Høyde
275 mm
Bredde
220 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
228