«Sund på søre Sotra», ja, slik er kommunen Sund plassert, på den sørlege delen av øya Sotra vest for Bergen. Boktittelen er henta frå songen til Johannes Kleppevik, sjå baksida. Sund var tidlegare eit øy- og kystsamfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gardsbruket kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter i våre dagar. Bruer og vegar er bygde, og det har kome varierte arbeidsplassar og service- og kulturtilbod. Overgangen frå det gamle fiske- og jordbrukssamfunnet har gått stegvis. Denne boka er ei gards- og slektssoge, og vil på sin måte gje glimt av denne forvandlingsprosessen. Band 3 inneheld om lag 1200 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho handlar om alle bustadene på matrikkelgardane Toftatræet, Sørtofta, Nordtofta, Steinsland, Hamre, Bakka, Berge, Vorland og Kausland. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdelen av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå midten av 1600-talet er det mogleg å finna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går tilbake til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2014.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299980708
Publisert
2014-11-06
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Sund kommune
Vekt
2520 gr
Høyde
290 mm
Bredde
220 mm
Dybde
40 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
648