Sund på søre Sotra, ja, slik er kommunen Sund plassert, på den sørlege delen av øya Sotra vest for Bergen. Boktittelen er henta frå songen til Johannes Kleppevik sjå baksida. Sund var tidlegare eit øy- og kystsamfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gardsbruket kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter i våre dagar. Bruer og vegar er bygde, og det har kome varierte arbeidsplassar og service- og kulturtilbod. Overgangen frå det gamle fiske- og jordbrukssamfunnet har gått stegvis. Denne boka er ei gards- og slektssoge, og vil på sin måte gje glimt av denne forvandlingsprosessen. Band 4 inneheld om lag 1450 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho handlar om alle bustadene på matrikkelgardane Glesnesholmen, Glesnes, Øvre Golta, Nedre Golta, Selstøa med Asphaugen, Øvretveita, Midttveita, Telle og Nipa. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdelen av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå midten av 1600-talet er det mogleg å finna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går tilbake til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2015.
Les mer
Feil ISBN på omslaget: 878-82-999807-0-8. Forord av Arne Olav Nilsen, Sverre Sangholt, Margrethe Kallestad, Odd Klepsvik og Kjell Arve Vorland

Produktdetaljer

ISBN
9788299980715
Publisert
2015-11-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Sund kommune
Vekt
2936 gr
Høyde
287 mm
Bredde
220 mm
Dybde
47 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
791