Supermakter og kald krig-arenaer. Vestens globale hegemoni i møte med kommunisme, nasjonalisme og islamisme Ulikt mange bøker om den kalde krigen opererer denne på fleire analyse- og aktørnivå i sentrum og periferi av verdssystemet. Forståingsramma er vid i tid og rom. Makrokonteksten er kapitalismens ekspansjon og konsolidering som global prosess. Eit bakgrunnsperspektiv er kald krig-epoken som sekvens i longue durée-æraen om kapitalismens utbreiing frå det nordatlantiske kjerneområdet. Det er lagt vekt på dialektikken mellom supermaktene og dei regionale kald krig-arenaene der USA med sine geoøkonomiske interesser gjorde seg sterkast gjeldande. Interaksjonen mellom makro- og mikronivå på den internasjonale arena står sentralt, og analysen kombinerer teori, empiri og historiografi. Viktige motkrefter til det vestlege hegemoniet var kommunisme, nasjonalisme og islamisme. På eit overordna aktørnivå er rivaliseringa med Sovjetunionen gjennomgangstemaet. Terminologi som globalisering og modernitet inngår i analysen saman med geopolitikk og ideologiar. Kulturdimensjonen er òg med. I sentrum av analysen står den suverene supermakta USA, systemvaktaren i denne fasen av den nordatlantiske rekkefølgja av kapitaliststatar sidan 1500-talet. At denne aktøren er vårt lands hovudallierte, gjer ikkje tematikken mindre relevant for Noreg.
Les mer
Boka gir ein gjennomgang av den kalde krigen og dei ulike regionale arenaene den utspilte seg på. Forfattaren sett hendingane i kontekst på mange ulike nivå. Kapitalismens ekspansjon og konsolidering som global prosess, kor kommunisme, nasjonalisme og islamisme var motkrefter, står sentralt. Analysen i boka kombinerer teori, empiri og historiografi. Har litteraturliste og personregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279352433
Publisert
2008-09-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Abstrakt
Vekt
948 gr
Høyde
240 mm
Bredde
172 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
515

Forfatter