Sjukdom grip inn i dagleglivet, skaper nytt ansvar og kan føre til nye samfunnsmessige ordningar. Boka fortel om korleis sjukeomsorga i Nord-Norge har utvikla seg i eit samspel mellom heimane, dei offentlege ordningane og den frivillige innsatsen. Ho byggjer på omfattande kjeldestudiar, og legg fram nytt og ofte overraskande stoff om ei side ved fortida som både er nær og ukjent. Personane sjølve kjem til orde: Dei sjuke i gamme, stue eller fiskarbåt, familiar og naboar, legdsfolk og distriktslegar, foreiningskvinner og søstre på institusjonane i tuberkulosetida. Gjennom landsdelsperspektivet blir spenningar mellom lokale og sentrale interesser tydelege. Boka er kulturhistorie og sosialhistorie skriven for lesarar i heile landet, på eit område som fangar stadig større interesse internasjonalt. Ho er rikt illustrert med historiske fotografi. Ingunn Elstad er sjukepleiar og magister i filosofi, og arbeider ved Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø. Torunn Hamran er sjukepleiar og cand.polit. i samfunnsvitskap, og arbeider ved Universitetet i Tromsø.
Les mer
Boken handler om sykdom i den nordnorske tuberkulosetiden frem til 1940. Forfatterne ser på utviklingen av offentlige ordninger ved epidemier - på sykehus og gjennom fattigstell og trygdeordninger - så vel som sykepleie i hjemmene og i regi av frivillige organisasjoner. Bokens fem deler tar for seg de syke i samfunnet, kvinners organisering av hjelp ved sykdom, institusjonsbygging, mellomkrigstid og institusjon og samfunn. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245003550
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1775 gr
Høyde
283 mm
Bredde
205 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
550