"Den eg skriv dette til kan ikkjelesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette i mange år. Det kom nokre ord, og ho tok dei i bruk, men så smuldra dei opp i munnen hennar. Ho brukte dei annleis enn andre. Ho sa orda rett, men visste ikkje kva dei betydde. Ho smakte på dei, songdei, masa med orda, så dei kom til å bety alt og ingenting, og så blanda dei seg med dei andre lydanehennar, blei borte i leiken med tunga og stemmebanda, forsvann inn i hylet og mumlinga, og mehøyrdedeiikkje igjen". Som ung mann jobbar han som bussjåfør og drøymer om å skriva. Ein dag kjem ei jente inn i bussen, ho ser på han i spegelen, og då ho skal av, stoppar han bussen og følgjer etter henne. Sidan ligg dei i senga hennar i kjellarleilegheita der ho bur. Då ho vert gravid, veit han kva han skal gjera. No er dottera vaksen, han er ein etablert forfattar; kan han endeleg skrive romanen om henne? "Syngja" er ein djupt personleg roman, vakker og tankevekkande, naken og open, om å leva med ei dotter med autisme. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historie, og handlar om kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å forstå ei som ikkje let seg forstå.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249511396
Publisert
2013-05-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
145 gr
Høyde
185 mm
Bredde
113 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
231

Forfatter