I viktige livshendingar og i kriser, som i fødsel og i møte med sjukdom, funksjonshemming eller død, vil menneske ofte oppleve seg sjølv og livet sitt på ein ny måte. Livsspørsmål som «kvifor skjer dette meg?», «korleis vil livet mitt bli?», og «kven er glad i meg når eg ikkje lenger er den eg var?» kan då tre fram. Det er dette som er tema for denne boka: korleis ein som fagpersonar, uavhengig av livssyn, kan støtte opp om den måten pasientar arbeider med livsspørsmåla sine på. Det handlar om eksistensielle utfordringar som spørsmål om identitet og meining, men også om tru og livssyn - det ein med eit paraplyomgrep kan kalle åndeleg omsorg. Åndeleg omsorg er i dag ein integrert del av sjukepleia sitt ansvarsområde, men forsking viser at helsepersonell ofte opplever dette som svært utfordrande. I boka viser forfattarane korleis ein kan førebu seg og bli tryggare i møte med pasientar i slike kritiske situasjonar; korleis ein kan øve seg opp til å sjå kva som står på spel i pasienten sitt liv, og korleis ein på ein profesjonell og respektfull måte kan støtte opp om pasienten si handtering av situasjonen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252195088
Publisert
2019-04-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
220 gr
Høyde
218 mm
Bredde
148 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
131