Tal i arbeid Tal i arbeid er eit læreverk for matematikkfaget på alle yrkesfaglige studieretningar i den vidaregåande skulen, matematikk 1M. Læreverket har eigne lærebøker for alle studieretningane: Byggfaga (byggfag, tekniske byggfag og trearbeidsfag) Elektrofag Formgivingsfag Helse- og sosialfag Hotell- og næringsmiddelfag Mekaniske fag Naturbruk Yrkesfag med tillegg for kjemi- og prosessfag De enkelte lærebøkene er alt-i-eitt bøker som omhandlar alle mål og hovudmoment i samsvar til den nye læreplanen frå 1999. Bøkene inneheld teori, døme og oppgåver, og dei er gjennomillustrerte. Det finst òg ein felles ressursperm for alle dei ti yrkesfaglege studieretningane. Ressurspermen inneheld stoff som skal vere ei støtte for læraren i planlegginga og gjennomføringa av undervisninga. Tal i arbeid for formgivingsfag I denne boka er matematikken tilpassa emna i studieretninga for formgivingsfag. Både i teori, døme, illustrasjonar og oppgåver vil ein finne igjen fagområde frå studieretninga. Forfattarane Til saman seks forfattarar står bak læreverket Tal i arbeid. Odd Bue, John Engeseth, Aage Ingjer, Per Inge Pedersen, John Ivar Solvik og Susanne Stengrundet har til saman lang røynsle frå ulike delar av skuleverket: ungdomsskulen, alle studieretningane i den vidaregåande skulen og frå teknisk fagskule. I to forfattargrupper har dei utvikla kvar sine komponentar til Tal i arbeid; dei utgjer eit heildekkjande verk for matematikkfaget i dei yrkesfaglege studieretningane i den vidaregåande skulen.
Les mer
Læreboken er en alt-i-ett bok som behandler alle mål og hovedmomenter i henhold til læreplanen. Boken inneholder teori, eksempler og oppgaver.

Produktdetaljer

ISBN
9788203325489
Publisert
2000
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Vekt
560 gr
Høyde
265 mm
Bredde
182 mm
Dybde
13 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
214