Kva er det som skjer med han? Gud har kanskje kalla meg, tenkjer Hans, men til kva? I sytten år har han vore sokneprest i Sveigen, han er gift med Bente, ho er flyvertinne og ei ofte fråverandre prestefrue. No har Hans begynt å setja seg til pianoet igjen. Kanskje var det slik at han ein gong valde å bli prest for å sleppa unna spelinga? Kanskje må han tilbake til pianoet igjen? Han veit ikkje om Bente trur på han eller ikkje, og då ho flyttar ut av prestegarden, blir han buande åleine. Han søkjer permisjon frå jobben, han vil endra seg. Kva er hans personlege bidrag til verda, og til menneska rundt? Han er oppriktig, desperat og komisk. Han prøver å leva opp til sin eigen erkjenningstrong. Han har ein svimlande og forlokkande tvil som han ikkje slepp tak i. "Tangentane" er ein inspirert og drivande roman skriven med stor humor og stor desperasjon; ein roman om å overskrida seg sjølv og si eiga sjølvforståing.
Les mer
Sidetall hentet fra første trykte utgave. Feil utgivelsesår på tittelsiden: 2005

Produktdetaljer

Publisert
2013-12-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter