I informasjonssamfunnet møter vi enorme mengder tekstar av ulike slag. Meir enn nokon gong er det viktig å kunne stille spørsmål ved korleis verda blir framstilt i reklame, haldningskampanjar, bloggar, avistekstar og sosiale media. Denne boka handler om korleis vi kan analysere slike sakprosatekstar kritisk. Forfattarane hentar teori og metodisk tilnærming fra diskursanalyse, sosialsemiotikk og pragmatikk, og viser korleis ein kan analysere både språklege og visuelle framstillingsmåtar. Boka inneheld ei rekkje illustrerande analyseeksempel og forslag til framgangsmåtar for tekstanalyse i praksis. Forfattarane kjem også med innspel til korleis ein kan arbeide med tekstanalyse i skulen. Boka eignar seg for lærarar i skulen, studentar og fagfolk i lærarutdanningane, i fag som norsk, kommunikasjonsfag, samfunnsfag og for andre som arbeider med å skape eller vurdere tekstlege framstillingar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202400408
Publisert
2014-04-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
385 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
178