Frå dei første terrorreglane kom i 2001, har det skjedd ei
omfattande, stegvis utbygging av dei strafferettslege reglane mot
terrorisme. Utviklinga har vore prega av stadig nye internasjonale
krav og ei sterk forventing også nasjonalt om å «gjera noko» for
å få slutt på terrorismen. Straffelova kapittel 18 inneheld difor
ei lang rekkje reglar mot terrorhandlingar, terrorførebuing og
deltaking i terrororganisasjonar og utanlandske væpna konfliktar.
Boka inneheld ein grundig, systematisk gjennomgang av dette
regelsettet. Mange av rettsspørsmåla som vert tekne opp, har ikkje
vore drøfta før. Det er lagt vekt på å få fram samanhengen med
dei internasjonale reglane på området. Den gryande rettspraksisen i
terrorsaker vert drøfta nærare, og det vert trekt parallellar til
lovgiving og rettspraksis i andre land. Målsetjinga er å bidra til
større klarleik og rettstryggleik i handhevinga av terrorreglane.
Forfattaren føretek også ei kritisk evaluering av reglane i lys av
Grunnlova, menneskerettane og den strafferettslege tradisjonen.
Spørsmålet som vert stilt, er korleis terrorreglane kan bli avgrensa
og utforma slik at dei representerer eit vern av og ikkje ein trussel
mot rettsstaten. Erling Johannes Husabø er professor i rettsvitskap
ved Universitetet i Bergen.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245032512
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter