Tett på praksis er ei spennande innføring i pedagogisk feltforsking. Forfattaren presenterer studiar av tre ulike skular - ein norsk barneskule, ein norsk ungdomsskule og ein sørafrikansk vidaregåande skule. Eit felles trekk ved desse skuleportretta er ei empirinær og praksisorientert fremstilling. Med utgangspunkt i desse konkrete studiane drøfter Fuglestad sentrale tema i pedagogisk feltforsking: tilgang til feltet, utvikling av forskarrolla og metodar for innsamling av materiale. Tett på praksis prøver å fanga den komplekse skulerøyndomen på måtar som lærarar og elevar kjenner seg igjen i. Slike empirisk baserte studiar kan danna eit betre grunnlag for konkret utviklingsarbeid enn generelle utdanningspolitiske målformuleringar og intensjonar. Otto Laurits Fuglestad er professor i pedagogikk. Han har publisert fleire artiklar og bøker, og har allsidig erfaring frå undervisning og leiing.
Les mer
Gjennom konkrete eksempel gir boka ei innføring i pedagogisk feltforskning. Med utgangspunkt i tre konkrete studiar drøftar forfattaren viktige utfordringar i den feltmetodiske tilnærminga, som tilgang til feltet og utvikling av rolle under feltarbeidet. I tillegg inneheld boka eit kapittel om skriving som ein del av forskingspraksisen. Med litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245004465
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
235 gr
Høyde
210 mm
Bredde
135 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
171