TIDSLYS er nettopp det - dikt om tida sitt lys. Om samspelet mellom desse grunnleggjande elementa i kvardagen. Samtidig er det ei bok om livsalvoret. Det har vorte sagt om Helge Torvund at han skreiv mindful poesi lenge før omgrepet vart introdusert her i landet. Også i denne samlinga er ei slik vaken merksemd sentral. Lesaren får leva med i det å vakna på Jæren eller i Yorkshire, og i det å velja livet, - igjen og igjen. I dikt fulle av ro, - og av uro. Dikt med pågangsmot - og avmakt. Fleire dikt er studiar nettopp i det som er i live; dyr, plantar og ikkje minst poeten sjølv. Kvardagssyn og søndagssansingar, tidsoppleving og lyserfaring. Vel har dei fleste åra kome og gått, men våren er jammen frekk nok til å dukka opp her på ny. Ja, ja, kva gjer vel det? Poeten er jo ennå i live - i livet. Alt det som spelar seg kring han og i han, i moll og i dur.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788203363276
Publisert
2018-01-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Vekt
322 gr
Høyde
206 mm
Bredde
187 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
145

Forfatter