Transport og logistikk er eit stort, spennande og allsidig fagområde. Denne temaboka tek for seg alle mål i læreplanen i programområdet transport og logistikk, både i faget bransjeteknikk og i faget transport og logistikk. Her finn du størstedelen av det skriftlege grunnlaget for programfaga. Innhaldet er delt inn i 26 tema. I motsetning til tradisjonelle lærebøker baserer denne boka seg på at elevane får arbeidspraksis gjennom heile opplæringa. Ho må difor oppfattast som ein innfallsport til praksisopplæring. Til temaboka høyrer det også ei oppgåvesamling i bokform og nettressursar der du kan løyse interaktive oppgåver, sjå film og finne bakgrunns- og fordjupingsstoff. Temaboka bør brukast saman med desse hjelpemidla. Kyrre Romuld er lektor ved Hafstad vidaregåande skule i Førde, der han underviser i utdanningsprogrammet service og samferdsel. Han har lang arbeidserfaring frå næringslivet. Rune Apneseth er leiar for opplæringskontoret for transport- og terminalfag i Sogn og Fjordane. Reidar Svalheim er tilsett ved Øyrane vidaregåande skule i Førde. Han er norsk ekspert i transportteknikk ved dei internasjonale meisterskapane for lærlingar.
Les mer
Boken gir en innføring i fagene bransjeteknikk, transport og logistikk. Temaboka bør brukes sammen med oppgaveboken og nettressurser. Har stikkordsregister.
Katalogisert etter omslaget

Produktdetaljer

ISBN
9788278022993
Publisert
2008-03-31
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Økonomiforl.
Vekt
623 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
15 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
293