Syskenringen Ei natt då eg låg og drøymde, drøymde eg om eit band. Eit band som gjekk over alle grenser, og alle land. Ein drøymer så mangt. Men undren vart eg vel då eg fekk sjå at dette eg trudde var eit band tok til å livne - og gå. Då såg eg tusentals hender hekta i hop til eit band som gjekk over alle grenser og gjekk gjennom alle land. Det var både ung og gamal, det var småborn med far og mor. Dei laga så sterk ein syskenring som rakk kring den heile jord. Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk i Gudbrandsdalen var gjennom heile diktarlivet oppteken av å skrive for barn. No er dei mest sentrale og kjære dikta for barn samla i ei utgåve, med nye illustrasjonar av Jens Ivar Kristensen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252196269
Publisert
2018-08-16
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
489 gr
Høyde
248 mm
Bredde
166 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
111

Illustratør