Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie. «- Der er bilde av mamma, sa du, frå baksetet. - Kor er mamma? svarte eg, frå framsetet. Du brukte lang tid på å formulere deg, fordi språket ditt var i ferd med å gå i oppløysing, eller fordi du leitte etter ei poetisk linje. - På øyret til bilen.» Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp? Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng. Opplesing: Olaug Nilssen
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252190274
Publisert
2017-09-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
190 gr
Høyde
185 mm
Bredde
115 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
155

Forfatter