Ullensvang 1964 2014 er eit bokverk i fire band, og er ei vidareføring av bygdebøkene om Ullensvang og Kinsarvik av Olav Kolltveit, som kom ut 1971 1974. Dei to fyrste banda, Heimar og folk, inneheld historia om bustadene og folket i heradet fram til i dag. Band 1 tek for seg austsida av fjorden frå Ytre Bu til Skjeldås. Band 2 tek for seg vestsida av fjorden frå Ytre Kvitno til Vetlås og Oksenhalvøyè frå Longeskòr til Kaland. Ættarsoga til kvar bygd er innleidd med eit kort kapittel, og kvar gard har oversyn over historiske skrivemåtar for gardsnamna. Gardane er fotograferte på nytt frå fjorden. Marta Gjernes, f. 1973, er historikar med hovudfag frå Universitetet i Oslo i 2002. Før ho vart tilsett som bygdebokforfattar, var ho stipendiat i historie ved Universitetet i Oslo. Ho har undervist i og skrive artiklar om nyare norsk historie.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245015003
Publisert
2014-05-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Serie
Vekt
2060 gr
Høyde
267 mm
Bredde
226 mm
Dybde
34 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
485

Forfatter