Universitetet i Bergen er landets einaste byuniversitet. Eit annleis og historisk unikt universitetsområde som er vove tett saman med bymiljøet på Nygårdshøyden. Midt i bustadstrøket ligg bygningar med universitetshistorie, reist for ulike føremål i ulike stilar frå sist på 1700-talet til i dag. Byuniversitetet representerer slik store kulturhistoriske verdiar. Ein tredel av eigedomsmassen til UiB, i alt 38 bygg, er freda. Denne boka fortel om utviklinga av byuniversitetet på Nygårdshøyden og presenterer kvar av dei freda bygningane, frå Florida i sør til Dragefjellet i nord. Nye bilete av eksteriør og interiør viser blant anna praktbygga til Universitetsmuseet, store anlegg som Geofysen med det unike Kjernefysisk laboratorium, det Japan-inspirerte Realfagbygget og moderne kontorkompleks bak historiske fasadar i samanbygde og frittståande villaer som opphavleg var bygde for byens velståande borgarskap. Originale arkitektteikningar og historiske bilete supplerer bileta av i dag. Åse Tveitnes er redaktør for boka. Teksten er ved Eva Røyrane, Thomas Vindal Christensen har teke alle nye bilete. Dette er den engelske utgåva.
Les mer
Foreword by Dag Rune Olsen

Produktdetaljer

ISBN
9788279592969
Publisert
2018-12-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
1110 gr
Høyde
266 mm
Bredde
245 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Engelsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
207

Forfatter
Redaktør
Oversetter