Med Vinterbarn (2007) avslutta Oddmund Hagen ein romantrilogi som starta med Utmark (1996) og heldt fram med Stemmer, steg (2002). No er desse tre bøkene samla i eitt band. Kritikarar har lenge verdsett bøkene hans som noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet. Alle tre bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet, her og no, der og da. For Utmark fekk forfattaren Nynorsk litteraturpris.
Les mer
Utmark: Teksten formidlar eit fall innover i sorg og einsemd, framandkjensle og isolasjon slik ein kjenner det når dei faste haldepunkta forsvinn. Stemmer, steg: Ein mann er på besøk i barndomsheimen. Om natta høyrer han stemmer og steg i grusen utanfor huset. Mannen blir redd, men går ut, og der møter han den døde far sin. Faren treng hjelp, han er bortkommen. Forfattaren viser korleis hovudpersonen gjennom drømmen og møtet med døden får livet endra. Vinterbarn: Forteljaren i boka søker tilbake til heimstad, barndom og oppvekst, og ser sitt eige liv i lys av kva som hendte den gongen. I ein samanheng av erkjenning, erindring og refleksjon prøver forteljaren å fange det som ikkje lar seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet, her og no, der og da.
Les mer
Innhold: Utmark. Stemmer, steg. Vinterbarn

Produktdetaljer

ISBN
9788252170764
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
220 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
309

Forfatter