I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp seks gonger raskare enn verdsgjennomsnittet. Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer med byen hennar? På leit etter svar snakkar ho med skredvarslingsmeteorologen som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg, reiser på tokt for å forstå havstraumane, jaktar fossil frå dei historiske Svalbard-skogane og støyter på tre isbjørnar på tur med ungane. Gjennom året følgjer ho òg arbeidet med å sikre Longyearbyen mot naturfarane. Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leve midt i klimaendringane.
Les mer
«Denne lettlesne og engasjerande boka burde ha stort potensial til å skape forståing for alvoret blant fleire» Merete Røsvik, Klassekampen

Produktdetaljer

ISBN
9788234002311
Publisert
2020-04-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
316 gr
Høyde
212 mm
Bredde
135 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
178