Tarjei Vesaas skreiv både romanar, noveller, skodespel og dikt, men det er nok romanane hans som er mest kjende. Kimen (1940) er ei krass skildring av den villskapen som brått kan løysast ut hos mennesket, men òg av anger, skuldkjensle og ei trassig tru på framtida.Fuglane (1957) er Vesaas? mest lesne roman. Boka er omsett til ei rekkje språk og vart i 1967 filmatisert i Polen. Med Is-slottet (1963) vann Vesaas Nordisk Råds litteraturpris. Boka skildrar først eit lagnadsfylt møte mellom elleveåringane Unn og Siss. Til Vesaas? beste har Olav Vesaas laga eit utval av farens beste noveller og dikt, samt overraskande ekstratekster: artiklar, skisser, notat, talar.Tarjei Vesaas (1897?1970) blir ofte rekna som ein av dei største norske 1900-tallsdiktarane. Han debuterte i 1923 med romanen Menneskebonn, men fekk først eit gjennombrot i 1934 med Det store spelet. Fram til Båten om kvelden (1968) ga han i alt ut eit trettitals titlar. For novellesamlinga Vindane fekk Vesaas Veneziaprisen (1953) og med den òg eit internasjonalt gjennombrot.
Les mer
Kimen: Eit drap jagar villskapen opp i alt folket på ei øy. Utan nåde forfølgjer dei drapsmannen. Men så kjem angeren og redsla over hemnen. Fri frå den sanselause brutaliteten må kvar einskild stå andlet til andlet med sitt eige samvit og avgjera korleis det vonde kan sonast. Fuglane: Mattis og systera Hege har budd saman i mange år i ei lita stove attmed sjøen. Så finn Mattis ut at han vil gjere nytte for seg som ferjemann. Langt om lenge får han sin første passasjer, ein tømmerhoggar som slår seg til i huset deira. No er ikkje Mattis åleine om kjerleiken til systera. Is-slottet: Roman om venskapen mellom to småjenter, Siss og Unn. Einsemd og isolasjon er sentrale tema i boka. Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Boka inneheld òg noveller frå Klokka i haugen (1929), Leiret og hjulet (1936), Vindane (1952) og Ein vakker dag (1959); samt dikt frå Kjeldene (1946), Leiken og lynet (1947), Lykka for ferdesmenn (1949), Løynde eldars land (1953), Ver ny, vår draum (1956) og Liv ved straumen (1970).
Les mer
Innhold: Kimen. Fuglane. Is-slottet. Noveller og dikt i utval. På omslaget: Fire bøker til prisen av éi. Inneheld ekstratekster

Produktdetaljer

ISBN
9788205366657
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
350 gr
Høyde
185 mm
Bredde
115 mm
Dybde
38 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
617

Forfatter