VESTLANDETS HISTORIE er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg. I tre bind tek verket for seg samanbindande tilhøve og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men òg motkrefter i form av lokale ulikskapar og spenningar. Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå - i forhold til resten av landet og ei større omverd. Det tredje bindet, KULTUR, handlar om den mangslungne og rike kulturutviklinga på Vestlandet frå trusskiftet i mellomalderen til i dag. Opningskapitlet ser vestnorsk identitet i eit historisk perspektiv. Den vidare framstillinga går inn på kristendom og kyrkje i mellomalderen og religiøse forhold i etterreformatorisk tid, særleg lekmannsrørsle og religiøse vekkingar. Det blir gitt eigne oversyn over språkutvikling og litteratur, Vestlandet som motiv i biletkunsten, og utviklinga av musikk og scenekunst. Ein epilog samlar trådane i bindet og heile trebindsverket. Alle bestillinger av verket via nettbutikken leveres portofritt!
Les mer
Dette bindet om kultur handlar om den varierte og rike kulturutviklinga på Vestlandet. Det tek for seg religionen frå åsatru til kristendom og kyrkje i mellomalderen, og religiøse forhold i tida etter reformasjonen, spesielt lekmannsrørsla og religiøse vekkingar. Andre hovudtema er språkutvikling og litteratur, saman med Vestlandet som motiv i biletkunsten, og utviklinga av musikk og scenekunst. Har litteraturliste og namne- og stikkordregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241904035
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
2192 gr
Høyde
285 mm
Bredde
235 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
444