Bøkene i Fagbokforlaget sin livsmeistringsserie fortel historier om vonde opplevingar og tilstandar - ting det er vanskeleg å innrømme, setje ord på og å snakke om. Dette er også historier som mange born og unge vil kjenne seg igjen i. Bruk bøkene til å setje ord på di historie. Historiene finst som digitale bøker med innlesen tekst på heimesida til Lesedilla, det digitale lesebiblioteket frå Fagbokforlaget. VILLDYRET Villdyret sit i eit hjørne i stova. Ho slikkar såra sine. Græt over ei klo som har vorte borte. Hulkar over at det gjer vondt i den eine foten. Du er eit villdyr, roper Dyrepassaren frå den andre enden av stova. Eit bråkete, utakksamt, krevjande og farleg villdyr. VILLDYRET er ei historie om dei vanskelege barna. Om dei barna som får skulda for alt, sjølv om det er dei vaksne som kjem til kort. Ei historie om dei barna som reagerer fordi dei er i ein vanskeleg situasjon. Om dei barna som foreldra gjerne skulle ha bytt. Kjenner du deg att eller veit om nokon som ikkje har det bra? Vil du snakke meir om dette temaet? Vis boka til ein du stoler på. Ikkje gi deg før nokon vil snakke med deg eller hjelper deg. VILLDYRET er ei bok i Fagbokforlagets livsmeistringsserie.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211028822
Publisert
2018-05-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Digital bok

Illustratør