Radarparet Eva Røyane og Oddleiv Apneseth har tidlegare hatt stor suksess med bøkene "Norges låver", "Av stein" og "Klyngetunet". No har dei leita langs kysten frå Jæren til Sunnmøre på jakt etter vestlandske våningshus der det framleis bur folk, og somme stader leikar barn på lemen. I "Vestlandshus. Våningshus frå Jæren til Sunnmøre" fortel dei historia om det avlange, kvitmåla våningshuset som, saman med den vanlegvis raude løa, i løpet av 1800-talet hadde blitt eit landemerke og kjenneteikn på vestlandske gardstun. Med tida er dei fleste av desse karakteristiske bygningane blitt erstatta av nyare bustadhus som hovudhus på garden. Husa som står att finst i dag i svært ulik framtoning. Nokre har blitt ståande lenge utan vedlikehald og syng på siste verset. Andre har fått nødvendig vedlikehald og er lite endra. Atter andre er ombygde både ut- og innvendig. I boka viser Røyrane og Apneseth også variantar av dei attståande vestlandske våningshusa der gammal byggeskikk møter ny arkitektur, og vi får døme på korleis det tradisjonelle våningshuset kan tilpassast dagens behov og framleis brukast som heilårsbustad.
Les mer
Både Vestlandshus og de tidligere bøkene til Røyrane og Apneseth er folkeopplysning av beste merke.

Produktdetaljer

ISBN
9788279593133
Publisert
2020-10-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
1130 gr
Høyde
236 mm
Bredde
247 mm
Dybde
26 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
254

Forfatter
Bilder av