Den kompetente barnehagen handlar om korleis leiing kan utøvast for å skape felles læringskultur for å utvikle barnehagen sin pedagogiske praksis. Boka byggjer på tre doktorgradsavhandlingar som belyser ulike sider av praksis i norske barnehagar: observasjon, kollegarettleiing i gruppe, fleirkulturell kompetanseheving og samarbeid med føresette. Fellesnemnaren er eit fokus på endring og utvikling av praksis gjennom læring og kritisk refleksjon i fellesskap. Teoriforankringa vektlegg at ein som deltakar i eit praksisfellesskap er del av ein kultur og ein felles kontekst, med rammer og føresetnader, der personalet saman arbeider for å realisere rammeplan for barnehagen sine intensjonar i møte med barn og føresette. Forfattarane framhevar at det er avgjerande med eit systemisk perspektiv på leiing i barnehagen, der ein saman skal nå organisasjonen sine mål og sikre kvalitet i arbeidet i barnehagen. I denne boka er hovudfokuset avgrensa til barnehagen som organisasjon, det vil seie til leiing i barnehagen. Den kompetente barnehagen er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga. Den er også relevant for vidareutdanningar innan barnehagefeltet og for alle som er interessert i å lese om leiing for læring og kompetanseutvikling i barnehagen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202720636
Publisert
2022-07-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
494 gr
Høyde
240 mm
Bredde
172 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
222