Dette er den andre forteljinga frå Bløygen. I Bløygen har dei alt, men keisemda ligg på lur.

"Alle som budde i Bløygen syntes lenge dei budde på den beste staden i verda. Dei hadde ordfører. Dei hadde buss. Dei hadde tre butikkar, ein trøbbelkiosk, ein lyktestolpe, ein bussjåfør og ei avis.

Det budde tretten folk i Bløygen. Dei hadde eit kor, ein veg og ei bru. Dei hadde ei elv som rann under brua. Dei hadde seg sjølv, og dei hadde kvarandre.

- Ja, her har vi det godt, sa dei.

- Ja, her er det trygt og fint!

- Her kosar vi oss og har det triveleg, ja!

- Ja, nei her er det ikkje mykje kjedeleg!

- Kjedeleg her, nei!"

Men Keisemda ligg på lur. Ho ser alt og ho høyrer alt. Kva skjer med dei tretten folka i Bløygen om Keisemda slår kloa i dei? Kva skjer til dømes med ordføraren Rosina Myrl, eller med Bidger og Esmiluni, som var så utruleg forelska i den fyrste forteljinga frå Bløygen, VERDAS MEST FORELSKA PAR?

Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202854003
Publisert
2024-08-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Cappelen Damm AS
Serie
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Lest av