Ein litterær pageturner. «Der det finst fuglar» er eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. For å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven? «Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor. Frå dansk ved Ingvild Holvik.
Les mer
Romanen «Der det finst fuglar» er eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten i mellomkrigstida, skriven med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg, og endå vanskelegare å gløyme. I romanen fortel dansk-norske Maren Uthaug, som har basert forteljinga på historier om si eiga slekt ho sjølv høyrde i barndommen, om kva isolasjon, sterke drifter, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. For å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven?
Les mer
"Dansk-norske Maren Uthaug har brukt fyrtårnet til å skrive en sidevender med ingredienser som ulykkelig kjærlighet, store stygge hemmeligheter, gudsfrykt, incest, uheldige graviditeter og barnedrap."

Produktdetaljer

Publisert
2020-03-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Oversetter