Bøkene i Fagbokforlaget sin livsmeistringsserie fortel historier om vonde opplevingar og tilstandar - ting det er vanskeleg å innrømme, setje ord på og å snakke om. Dette er også historier som mange born og unge vil kjenne seg igjen i. Bruk bøkene til å setje ord på di historie. Historiene finst som digitale bøker med innlesen tekst på heimesida til Lesedilla, det digitale lesebiblioteket frå Fagbokforlaget. DET KVITE HUSET våren er den beste tida på året da kan jenta i det kvite huset vere ute lenge aleine utan å fryse utan at nokon roper etter henne utan at ho har vondt i magen om våren får jenta i det kvite huset puste DET KVITE HUSET er ei historie om omsorgssvikt. Om at ingen ser eller forstår. Ei historie om at dei som skulle teke vare på deg, ikkje gjer det. Om at dei du kjenner, er farlegare enn framande. Kjenner du deg att eller veit om nokon som ikkje har det bra? Vil du snakke meir om dette temaet? Vis boka til ein du stoler på. Ikkje gi deg før nokon vil snakke med deg eller hjelper deg. DET KVITE HUSET er ei bok i Fagbokforlagets livsmeistringsserie.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211028846
Publisert
2018-06-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Digital bok
Sjanger
Skolebøker

Illustratør