Eit feministisk djupdykk i Håvamål. Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad i mange generasjonar. Dei fleste av oss les diktet i omsett form, men kven er det som står bak omsetjingane? Og kor frie har omsetjarane tillate seg å vera, til dømes i framstillinga av kvinnefigurar? Forfattar og norrønfilolog Kristin Fridtun er ein ihuga lesar av eddadikta. For nokre år sidan la ho merke til at den kvinnelege Håvamål-figuren Billings møy var framstilt litt annleis i norske omsetjingar enn i den norrøne grunnteksten. Var ikkje møya vorten litt penare i dei norske utgåvene? Og litt dummare? Fridtun tok til å saumfara utgåver på andre språk. Då dukka fleire spørsmål opp. Kvifor er det nesten berre menn som har omsett eddadikt til skandinavisk? Kvifor er Billings møy naken i illustrasjonane? Og kva veit vi eigentleg om henne? Dette er ei lita bok om tre store tema: kjønn, omsetjing og norrøn litteratur. Fridtun tek oss med inn i originalteksten - her kjem vi så tett på ei Håvamål-strofe som vi aldri før har vore. Ho viser oss kva omsetjarane har å baksa med, samanliknar løysingane deira og diskuterer vala dei har gjort. I sentrum for det heile står Billings møy, ein lite kjend kvinnefigur som no vert lyft fram i lyset.
Les mer
Som forfatter kan Fridtun minne om humoristene Agnes Ravatn og Kjersti Rorgemoen. Tonen er frekk og tørr og samtidskommenterende, noe allerede tittelen på hennes bøker bærer bud om [...] Særlig språkinteresserte lesere har mye å hente i «Klok kvinne eller digg dame?» Dessuten folk som er opptatt av mytologi og norrøn kultur. Eller kjønnshistorie, for den saks skyld. Og ja, Fridtuns alternative oversettelse av «Håvamål» duger som bare det. Strippet for gamle klisjeer og klar for et nytt publikum.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234010620
Publisert
2023-03-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
228 gr
Høyde
195 mm
Bredde
135 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
157

Forfatter