"BOK og 2CD: 300 sider. Spelemannen Ola G. Okshovd (1872-1960) vaks opp i eit rikt spelemannsmiljø i Øystre Slidre på slutten av 1800-talet. I hans levetid gjekk heile samfunnet gjennom store omveltingar, noko som førte til at den gamle folkekulturen kom under press. Samtidig opna det seg nye moglegheiter både teknologisk, sosialt og økonomisk. Med Okshovd som midtpunkt får du eit innblikk i liva til heilt vanlege folk gjennom både skjemt og alvor. Boka fortel korleis jernbanen, avisene, grammofonen, bilen, radioen, elektrisiteten og velferdsstaten gjorde seg gjeldande i denne perioden, og kva for plass kappleikar, konsertar, dansefestar og spelferder hadde i Ola Okshovds samtid. Attåt boka følgjer det med to cd-ar opptak frå nrk der Okshovd spelar hardingfele. Produksjonen er dermed lagd til rette for ulike typar lesarar og lyttarar. Bokslukaren kan pløye gjennom 300 sider. Bokbladaren kan finne nærmare 200 illustrasjonar. Sogeforteljaren kan tileigne seg nokre titals «rispo». Nerden kan finstudere 400 fotnotar. Musikklyttaren kan nyte alderdomleg felespel frå Valdres. kjellbjørn karsrud (f. 1986) er oppvaksen på Leira i Valdres og spelar hardingfele blant anna i tradisjon etter Ola Okshovd. Han er lektor på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule og bur i Lom. "
Les mer
Vedlegg: 2-CDer med opptak av Ola G. Okshovd
2 CD-er

Produktdetaljer

ISBN
7090010522534
Publisert
2024-01-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Musikkoperatørene AS
Vekt
1204 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
312
Sjanger
Faglitteratur