Boka tek føre seg ein sentral del av norsk kyrkjehistorie på 1800-talet. Den generasjon prestar som gjerne vert omtala som "dei johnsonske prestar" eller "johnsonianarar", vart utdanna og forma under professor Gisle Johnsons kateter i siste halvpart av 1800-talet, og har lenge vore oppfatta som ein eigen prestetype. Ein har meint at det gjennom undervisninga til Johnson vart prega av ein einsidig pietistisk vekkingsstrategi. Eit hovudspørsmål i boka er i kva grad det er rett å seie at dei som vart prestar i siste halvpart av 1800-talet var "johnsonianarar". Forfattaren presiserer her relevante historiske spørsmål i studiet av den aktuelle perioda, og resultata han kjem fram til nyanserer mange eldre oppfatningar. Dessutan nyttar han kjeldemateriale og metodar som tidlegare har vore lite prøvd ut i norsk forsking. Boka er tydeleg historisk orientert, men er óg relevant i eit meir allment pastoralteologisk perspektiv. Også i eit lokalt- og regionalhistorisk perspektiv vil boka vere sentral. Dette arbeidet startar innanfor det kyrkjegeografiske "Østfoldprosjektet", som la vekt på å sjå kyrkje- og kulturhistoria "nedanfrå". Denne boka er til nå det mest omfattande resultatet av dette konkrete prosjektet, og det historiske materialet som forfattaren legg fram, vil vere viktig for annan forsking om Ytre Østfold.
Read more
Product details
ISBN
9788274770423
Published
2000
Edition
1. edition
Publisher
Vigmostad & Bjørke
Weight
794 gr
Height
240 mm
Width
170 mm
Thickness
25 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
424
Genre
Faglitteratur
Author