OPPTUR Nærøyfjorden tek deg med på 88 turar i verdsarvområdet i indre Sogn, frå Vik i vest til Lærdal i aust, frå Sognefjorden i nord til Voss i sør. Her finst noko av det flottaste fjordlandskapet i verda. Opplev vill og vakker natur og rik kulturhistorie ved Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, i Flåmsdalen og Aurlandsdalen, på Fresvikbreen og Bleia. Alle rutene er teikna inn på flyfoto og har fyldig turomtale. Boka inneheld 86 fotturar, ein sykkeltur og ein padletur gjennom kommunane Aurland, Lærdal, Voss og Vik. Dette er femte boka i den populære OPPTUR-serien. Tidlegare bøker er om Sogn og Fjordane (2005), Hordaland (2007), Geirangerfjorden (2009) og Jotunheimen (2009). Samla har bøkene 849 turskildringar i kremen av norsk natur
Read more
Product details
ISBN
9788282400411
Published
2011-10-26
Edition
1. edition
Publisher
Selja Forlag AS
Weight
542 gr
Height
245 mm
Width
134 mm
Thickness
17 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Fleksibind
Number of pages
272
Genre
Faglitteratur