Vår gode kollega, fyrsteamanuensis Margit Harsson, fyllte 70 år den 9. juni 2013. Det skulle ein ikkje tru, men slik er det. I det høvet.fikk ho eit veneskrift med artiklar om stad- og personnamn og andre språklege emne. Margit har vore tilsett ved Institutt/Avdeling/Seksjon for namnegransking, no Institutt for lingvistiske og nordiske studium, sidan 1984.Sjølv om det her fyrst og fremst er namnegranskaren Margit me vil heidra, skal det nemnast at ho også har engasjert seg sterkt i lokalhistorisk arbeid på Ringerike, m.a. med ei bok om storgarden Stein, eit hefte om Halvdanshaugen og t.d. tekster og bilete til kalenderen som Hole historielag gjev ut. Nokre av desse sidene ved Margit Harsson vert reflekterte i artiklane i veneskriftet, men interessene hennar er vidare enn som så, og forfattarane har i det heile stått fritt til å velja emne.
Read more

Product details

ISBN
9788270997206
Published
2013-08-27
Edition
1. edition
Publisher
Novus AS
Weight
410 gr
Height
240 mm
Width
170 mm
Thickness
12 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Number of pages
181
Genre
Faglitteratur

Edited by