I september 2016 blir både Ahmet Altan og broren Mehmet arresterte i Erdogans angrep på den frie pressa etter det mislykka kuppforsøket sommaren 2016. Altan skal ha komme med grunnlovsstridige kommentarar, mellom anna gitt ei «underbevisst melding» til kuppmakarane då han kritiserte presidenten i eit prateshow på TV. Våren 2018 blir han dømd til fengsel på livstid. I dag sit han i fengselet Silivri i utkanten av Istanbul, utan rett til besøk anna enn frå den næraste familien og advokaten sin, under streng sensur, utan rett til å søkje om nåde.
Ahmet Altan skildrar augneblinken då politiet kom og henta han tidleg ein morgon, rettssaka, dommen og livet i fengsel. Eg får aldri sjå verda igjen er ei urovekkjande, men også poetisk og vakker bok, om Tyrkias veg mot diktaturet, om kampen for menneskeverd - og om litteraturen og fantasiens kraft.
Boka er omsett frå tyrkisk av Gunvald Axner Ims.
Read more
Product details
ISBN
9788252197563
Published
2019
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
300 gr
Height
212 mm
Width
139 mm
Thickness
17 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
178
Original title
Dünyayi bir daha görmeyecegim
Genre
Faglitteratur
Author
Translated by