Då Noreg fekk si eiga grunnlov i 1814, blei den nye statsmakta definert i eit knapt dokument med berre 112 paragrafar. Men samstundes opna det seg eit stort nytt spørsmål mot framtida. Kven var eigentleg kvalifisert til å halde denne statsmakta i hendene sine? Dette var det radikalt nye i den norske grunnlova som i alle andre skrivne forfatningar i kjølvatnet av den amerikanske og franske revolusjonen. Mange meinte dei hadde det endelege svaret på dette spørsmålet. Kompetente politiske borgarar hadde eigedom, utdanning, var vaksne og ikkje minst menn. Seinare representerte dei mobiliserte klassar, næringar, alder og kjønn. Men ingen av desse svara lukka spørsmålet som reiste seg or grunnlovsverket i 1814. Difor er historia om demokratiet enno open. Denne boka er ei historisk reise gjennom dei mange freistnadane på å gi eit svar på kven den kompetente politiske borgaren eigentleg er.
Read more
Product details
ISBN
9788253036359
Published
2014-02-07
Edition
1. edition
Publisher
Forente forlag AS
Weight
844 gr
Height
229 mm
Width
167 mm
Thickness
42 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
416
Genre
Faglitteratur
Edited by