Arne Hjeltnes reiser Noreg rundt for å forstå meir av den norske ølrevolusjonen. På nokre få år har det dukka opp hundrevis av mikrobryggeri her i landet. Arne er innom 15–20 bryggeri i bygd og by for å treffa folka bak ølet. Boka tar for seg mange artige ølsortar, men det er dei fargerike bryggarane som er hovudpersonane i boka. Dei er entusiastar som har satsa mykje, av og til alt, i trua på sitt eige brygg. Det er slike folk som har skapt den norske ølrevolusjonen. Gode galningar med idear, folk som skapar noko.

Du vil finne mykje godt øl i denne boka om gründarskap og entusiasme. Øl og brygg i bygd og by er ei bok å verta tyrst av, og du kjem til å møta ei gjeng du vil verta imponert over. Boka fortel òg korleis du kan laga ditt eige øl.

Om forfattaren

Arne Hjeltnes har skrive 20 bøker. Han har vore engasjert i lokal mat både i bokform og i tv-seriar. Denne boka om norske ølbryggarar føyer seg inn i rekka av hans engasjement for det som gror av mat- og drikkekultur i bygd og by.

Read more
Øl og brygg i bygd og by er ei bok å verta tyrst av, og du kjem til å møta ei gjeng du vil verta imponert over. Boka fortel òg korleis du kan laga ditt eige øl.

Product details

ISBN
9788205514577
Published
2018-10-15
Edition
1. edition
Publisher
Gyldendal Norsk Forlag AS
Weight
1114 gr
Height
263 mm
Width
210 mm
Thickness
24 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
251
Genre
Faglitteratur

Photographs by