Skole og oppdraging er under angrep - frå marknaden. Den marknadsstyrte skolen krev ein skole som er effektiv, som gjev målbare resultat og som hevdar seg på PISA-rankinga. Den krev at elevane blir humankapital. Den krev privatisering og fagforeiningsknusing. Den krev fjerning av lønns- og arbeidstidsavtalar, kontroll av læraren, målstyring og instrumentell undervisning. Berre då kan vi overleve i den globale konkurransen, hevdar den. Berre då kan vi lage den nyliberale utopien "kunnskapssamfunnet".
Siktemålet med boka er ein systemkritikk av den nyliberale skolen og ekstremvarianten ein finn i Oslo. Forteljinga frå Osloskolen skriv seg inn i ei større historie om ein politisk og ideologisk kamp om innhaldet i norsk skole. Kampen står om eleven, om skolen og om kva samfunn vi vil ha.
Simon Malkenes er forfattar og lektor i vidaregåande skole i Oslo.
Read more
Product details
ISBN
9788282260374
Published
2014-09-19
Edition
1. edition
Publisher
Agenda Res Publica media AS
Weight
286 gr
Height
209 mm
Width
139 mm
Thickness
16 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
228
Original title
Bak fasaden i Osloskolen
Genre
Faglitteratur
Author