«Perfekt satire om korleis vi snakkar om rasisme.»

- Magnus Rotevatn, FRAMTIDA.NO

Den usynlege kvitheita. Kvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen? Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine, forfattaren av «Medborgar», sitt nye stykke, «Det kvite kortet». Ekteparet Virginia og Charles, to kvite kunstsamlarar, har invitert den gryande, svarte kunstnaren Charlotte til middag. Dei vil kjøpe kunsten hennar og prøver å smigre henne med refleksjon kring spørsmål om kunst, representasjon og rase. Samtalen imploderer sakte, men sikkert, og stykket får lesaren til å vri seg i ubehag etter kvart som middagsselskapet havarerer. Det utforskar kva som skjer om ein er villig til å bli i rommet når det gjer vondt å lytte. Boka er like fullt humoristisk, og personane blir meir og meir melodramatiske etter kvart som selskapet utartar seg. «Det kvite kortet» er eit politisk lesestykke med stor aktualitet og samfunnsrelevans. Boka er ei rørande og avslørande destillering av raseskiljet slik det blir erfart i kvite rom; i stova, i kunstgalleria, i samfunnet og i vår eigen fantasi. Frå engesk ved Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof.
Read more

Product details

ISBN
9788234001758
Published
2020-02-20
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
156 gr
Height
205 mm
Width
132 mm
Thickness
11 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
94
Original title
The white card
Genre
Skjønnlitteratur