«Her er originale bilder der de helt konkrete tingene inngår i et sanselig spirituelt vekselspill med problemstillinger omkring allmenne og evige livsbetingelser.»

- Fartein Horgar, Adresseavisen

Eg er Ekko fortel om Jor og Ekko, som møtes i ei utforsking av det å skape. Men kva skjer når den som opnar opp avgjerande sider av livet for ein, ikkje lenger orkar å leve?


Kvart år er det i Noreg rundt 650 menneske som tek livet sitt. Kvart år er med dette eit ukjent antal pårørande overlatne til sorg, sinne, flyktige minner og lause trådar – tallause ekko av vi, som var.


Margrethe Aas skriv fram eit venskap som navigerer på tvers av liv og død. Arkitektblikket vi kjenner frå tidlegare bøker er med, idet sanseinntrykk og relasjonar blir utforska frå under bord og i dørkarmar, frå steindekket i ei bygate til norske kystlandskap og mongolske vidder. Rom som minner kan navigere i, og som evnar ramme inn også det som det ikkje finst ord for.

Read more
Ungdomstida er kort, intens og plutseleg avgjerande; venskap som blir sitjande i kroppen, erfaringar som ein byggjer vidare på livet ut.

Product details

ISBN
9788210060199
Published
2024-08-02
Edition
1. edition
Publisher
Gyldendal Norsk Forlag AS
Weight
284 gr
Height
216 mm
Width
145 mm
Thickness
14 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
109
Genre
Skjønnlitteratur
Purchasing programme
K-fond: Yes