Frustrert Tinder-kjærleik. Hovudpersonen i denne leikne og humoristiske diktsamlinga har det eigentleg heilt fint. Heilt til den dagen ho byrjar å sjå menn. Da bryt sjølvsagt helvete laus. Ho lagar seg ein profil på Tinder. Kor vanskeleg kan det vere å finne ein mann ein kan kjenne nærleik til? Det er trass i alt mange av dei i Tinder-straumen. Men korleis gjer ein gode val i eit hav av ingeniørar, skjematisk posering med sjølvfiska fisk og emoji-rebusar frå dyre-, plante- og mineralriket? Og kva skal til for sjølv å bli vald i ein kortstokk av hjartedamer? Kari Anne Bye (f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga Eg et før eg kjem.
Read more

Product details

ISBN
9788234012143
Published
2023-06-01
Edition
2. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
200 gr
Height
200 mm
Width
125 mm
Thickness
15 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
204
Genre
Skjønnlitteratur