Som novellekunstnar er Sortland framifrå, då det viser seg at vi aldri veit kvar vi skal, samstundes som novellene heng saman frå start til slutt, sett i retrospekt. […] Gaute M. Sortland har skrive ei heilstøypt novellesamling der han ikkje er redd for å gå frå det trivielle til det fantastiske, og han maktar – og torer – å bake det breie repertoaret sitt inn i litterært truverdige heilskapar.

- Ingvild Bræin, Dag og Tid

[Sanne historier] stadfester Sortlands særmerker som forfatter, teknisk, tematisk og stilistisk; skråblikk på verden, glimt i øyet, en lun og underfundig vestlandsstoisisme.

- Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

«Det var dagar då eg fekk lyst til å helle ein tynn stråle ut av tuten på kaffikjelen og ned på handbaken, og stå slik på kjøkenet og telje sekund, sjå kor lenge eg klarte å halde ut før eg stakk handa under den kalde vasstrålen. Men i dag kunne eg ikkje tillate meg slikt tull. Nei, i dag ville eg drikke kaffi som eit vanleg menneske.» Folka du møter i den nye novellesamlinga til Gaute M. Sortland, strevar alle med sitt. Dei er gjerne på veg ein plass, over i ein ny livsfase, til dømes, eller meir bokstaveleg, om bord i eit framkomstmiddel, gjerne ein buss. Hadde det gått eit tog, kunne nokon tatt det. For andre skjer forflyttinga gjennom kjærleikssorg eller sjukdom. Jamvel ved hjelp av fleinsopp eller ei mongolsk badstove. Vel framme går livet vidare. For dei fleste.
Read more

Product details

ISBN
9788234011627
Published
2023-10-16
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Number of pages
113
Genre
Skjønnlitteratur
Purchasing programme
K-fond: Yes