Aasmund Olavsson Vinje ( 1818 . 1870 ) var forfattar, bladmann og jurist. Med djup forankring i det folkelege og brei interesse for kulturelle og politiske straumdrag i utlandet, hadde han eit perspektiv som både lokalt og globalt. Vinje nyttar fleire ulike sjangrar : dikt, forteljingar, essay, artiklar, kåseri, kommentarar og reiseskildringar. Diktverket Storegut kom ut i 1866, og er eit av dei største arbeida til Vinje, og eit klassisk verk i den norske bokheimen. Den dag i dag er verket kjent for mange lesarar, som denne strofa frå . Det syng fyr Storegut . : Den dag kjem aldri at eg deg gløymer; for um eg søver, eg um deg drøymer. Um natt og dag er du like nær, og best eg ser deg når myrkt det er. Storegut var ein historisk person som levde i Telemark på slutten av 1700 . talet, og har levd på folkemunne heilt sidan den gong. Det var Vinje som gjorde Storegut kjent utanfor lokalmiljøet, og mange kunstnere har seinare late seg inspirere av kjempekaren frå bygdene i Telemark. Denne utgåva inneheld illustrasjonane til Storegut av Harald Kihle og Henrik Sørensen. Lokalhistorikaren Richard Berges kritiske kommentarar til Storegut .verket var første gong trykt i Syn og Segn i 1906, og er med i denne utgåva. Utgåva er trykt i Vinjes eiga målform. Innleiing av Åsulv Edland. 15. utgåva
Read more

Product details

ISBN
9788252154771
Published
2000
Edition
15. edition
Publisher
Samlagsantikvariatet
Weight
569 gr
Height
244 mm
Width
158 mm
Thickness
20 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
159
Genre
Skjønnlitteratur

Contributions by