"Samtid" (1936) tar for seg ei bygd i indre splid. Hovudpersonen Agnar, ser at det berre er småting folk slåst om, men òg at striden kan føre til tragedie. Han tek på seg å frelse bygda. Samstundes kjem vi nær innpå hans personlege liv, hans tap, hans eigen strid med kjærleiken, hans evne til å gå vidare. I denne boka har forfattaren fanga inn eit bilete av verdssituasjonen i ramma av ei norsk bygd. Hovudpersonen Agnar står framfor ein meiningslaus strid som fører med seg hat, løgn og agitasjon, og forgiftar heile bygda. Ein parallell til dette er Agnars eige liv, forholdet til venen Birger og til Torill, alt det ugjorte og uforløyste.

Read more

Product details

ISBN
9788202743987
Published
2021-11-04
Edition
1. edition
Publisher
Cappelen Damm AS
Age
Voksen
Language
Product language
Bokmål
Format
Product format
Lydfil
Original title
Samtid
Genre
Skjønnlitteratur

Author