Bø og Bæ på sykkeltur
Radarparet Bø og Bæ er tilbake i ny bildebok for dei minste! Denne gongen vil Bø og Bæ sykle på besøk til vennen Bo. Men då dei kjem fram, seier Bo at han har blitt forkjøla. Han kan ikkje vere med ut og sykle, men må bli heime. Bø og Bæ bestemmer seg for å muntre opp vennen sin, og drar til butikken for å kjøpe ei gåve. Men kva er eigentleg ei fin gåve til ein som er forkjøla?
Olof og Lena Landstrøm står bak den svenske bildeboksuksessen om Bø og Bæ. I dag blir bøkene om dei to sauane rekna som moderne bildebokklassikarar.
Read more
Product details
ISBN
9788234006654
Published
2021-09-09
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Weight
406 gr
Height
287 mm
Width
221 mm
Thickness
9 mm
Age
0-3
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
34
Original title
Bu och Bä och stackars Bo
Genre
Skjønnlitteratur