Grøssande oppfølgjar i pocket!
Den første boka om Svarte-Mathilda blei nominert til Uprisen og har blitt ein favoritt i skulebiblioteka. No kjem bok nummer to om Elisabeth og den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel.
Etter dei fryktelege opplevingane i første bok gler Elisabeth seg denne gongen til nokre veker på språkskule i Italia. Ho og venninna Gry blir innlosjerte i eit herskapshus i utkanten av Verona, men aner fort at ikkje alt er som det skal vere i familien dei bur hos. Kvifor oppfører dei seg så rart? Og kva betyr den mystiske meldinga frå bibliotekaren Viggo? Har han funne ut meir om forsvinninga til Philip?
Parallelt med denne historia blir vi endå ein gong tekne med tilbake til Hardanger på 1800-talet, til garden Langetun der legenda om Svarte-Mathilda har sine røter.
Read more
Product details
ISBN
9788252192834
Published
2016-08-15
Edition
2. edition
Publisher
Det Norske Samlaget
Serie
Weight
172 gr
Height
200 mm
Width
127 mm
Thickness
13 mm
Age
12-16
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
175
Genre
Skjønnlitteratur
Author