Å studere-serien består av lett tilgjengelege innføringsbøker skrivne av engasjerte og dyktige formidlarar. Bøkene gir studentane det første overblikket som er så viktig for å få ein god start på eit studium.   Argumentasjon står sentralt i språkleg samhandling, det vere seg som ein del av den offentlege ytringskulturen i samfunnet, i det daglege livet menneske imellom og innan ulike sektorar, fag og vitskapsområde. Samstundes eksisterer det mange ulike tilnærmingar ein kan bruke for å forstå, analysere og vurdere argumentasjon. Denne boka gir ei innføring i fleire ulike argumentasjonsmodellar. Lesaren blir introdusert for både klassisk argumentasjonslære og retorikk, resonnementsbaserte modellar og mange ulike diskursanalytiske tilnærmingar. Framstillinga er illustrert med eksempel, og det er lagt vekt på å få fram kva som særmerker dei ulike retningane. Kjersti M. R. Breivega er professor i norsk ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet.
Read more

Product details

ISBN
9788245056525
Published
2025
Edition
1. edition
Publisher
Vigmostad & Bjørke AS
Language
Product language
Annet
Format
Product format
Digital bok