Vi er inne i ein periode med internasjonalt stigande matprisar. Bøndene får signal frå marknaden om å produsere meir, samtidig som styresmaktene blir freista til å stimulere produksjonen. Konsekvensane blir ein ny produktivisme, som på sikt kan innebere eit mindre berekraftig landbruk. Føremålet med denne boka er å presentere kunnskap som kan utvikle den norske landbruksmodellen til å bli meir berekraftig og betre tilpassa framtidige klimaendringar. Hovudkonklusjonen er at eit allsidig landbruk med vekt på mange funksjonar har større samla økologisk, økonomisk og sosial berekraft enn ei maksimering av økonomisk utbytte åleine. Boka innfører uttrykket multimalisering for å illustrere at ein må balansere ei rekkje mål for å ruste eit landbrukssystem til å møte dei sjokk og kriser som kan ramme matproduksjonen. Boka har bidrag frå framståande forskarar og samfunnsdebattantar på området og vender seg til studentar, landbruks- og miljøforvaltinga, tillitsvalde innan landbruk og miljø og elles alle som er interesserte i landbruks-, miljø- og klimaspørsmål.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788232103003
Publisert
2013-11-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Akademika
Vekt
620 gr
Høyde
240 mm
Bredde
169 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
322